Sogn og Fjordane tingrett beslutta 22. juni midlertidig forføyning og stoppa overtaking av eigedom 181/6 i Hornindal kommune.Sogn og Fjordane tingrett skriv i si vurdering at på grunnlag av dei opplysningane som er gjeve i begjæringa, anser retten det tilstrekkeleg sannsynleggjort at kjøpsavtalen er urimeleg, og at den såleis kan setjast til side etter avtalelova § 36.

Den rettslege forføyninga fell vekk om det ikkje er teke ut søksmål innan 1. oktober 2018.

Bevisbilete

Påstanden frå Undis Nortun Vellene var at Matias Lunde får forbod mot å råde over eigedomen gnr. 181 bnr. 6 i Hornindal, både faktisk og rettsleg, og at han ikkje har rett til å sende skøyte på eigedomen til tinglysing. Påstanden var også plikt for Matias Lunde å betale sakskostnader.

Det vart av retten synt til innhaldet i avtalen og tilhøva ved inngåing av avtalen.

«Det kan her kort nevnes at saksøker har forpliktet seg til å selge eiendommen på bakgrunn av takst som ble innhentet på saksøktes (Matias Lunde journ.anm) sine vegner. Og som etter det opplyste ikke gir riktig vurdering av markedsverdien», står det i vurderinga frå retten.

Retten presiserer at denne vurderinga byggjer på bevisbiletet slik det vart presentert for retten.

I vurderinga står det mellom anna at på grunnlag av framstillinga i begjæringa anser retten det også tilstrekkeleg sannsynleggjort at det er naudsynt å få ei midlertidig ordning i eit omtvista rettsforhold for å avverje vesentleg skade eller ulempe.

Retten har teke med at saksøkte ovanfor saksøkjar sin prosessfullmektig har gjeve uttrykk for at kjøpsavtalen skal gjennomførast på vilkåra i avtalen. Retten forbyr saksøkte å ta eigedomen i bruk eller på annan måte nyttiggjere seg denne. I dette ligg at han heller ikkje kan sende skøyte på eigedomen til tinglysing.

Begjæringa

Saksøkjar (Undis Nortun Vellene, snart 80 år) besøkte Hornindal kommune i eit personleg ærend og møtte Anita Brenna Muldsvor som er kommunalt tilsett. I samtalen kom eit spørsmål opp om sal av Vellene sin eigedom gnr. 181 bnr. 6 i Hornindal. Brenna Muldsvor nemnde at ho ville drøfte spørsmålet om sal med sin ektemann Sigurd Muldsvor som også er tilsett i Hornindal kommune. I samtalen kom det fram at Sigurd Muldsvor sin onkel (Matias Lunde) hadde interesse av å kjøpe eigedomen. På oppdrag av Sigurd Muldsvor vart det innhenta takst, og takstmann Eilert Hovden verdsette eigedomen til 1 million kroner. Det vart avtalt ein kjøpesum på 1.250.000 kroner.

Angra seg

Undis Nortun Vellene kom i ettertid fram til at vilkåra for kjøpsavtalen var svært urimelege og kravde i brev til kjøpar at avtalen vart omgjort og at konsesjonssøknad vart trekt.

Matias Lunde har motsett seg krav om annullering av avtalen og har ikkje trekt konsesjonssøknaden. Han vil ikkje uttale seg om saka til Fjordingen på det noverande tidspunktet.

Undis Nortun Vellene sin advokat, Per Kjetil Stautland, forsøkte å utsetje overtakingsdato, men saksøkte heldt fast på kravet om overtaking 19. juni. Saksøkte har også avvist at han er forplikta til å vidareføre ein forpaktingsavtale som ligg på eigedomen 181/6. Saksøkjar fekk ny takst, og takstmann Kristen Eikenæs verdsette eigedomen til 1.720.000 kroner.

Retten har funne at det er fare ved opphald og har treft avgjerd i saka utan at partane har vore kalla inn til munnleg forhandling. Difor har saksøkte ikkje fått høve til å uttale seg før avgjerda vart fatta.

Partane og einkvar som vert råka kan begjære munnleg forhandling i høve den midlertidige forføyninga.

Advokat Per Kjetil Stautland representerer seljar i saka. Foto: Bengt Flaten (arkiv)