Jens August Guddal Muri (18)

Sommarvikar ved Bunnpris Olden

Olden

– Kva opptek Jens August Guddal Muri for tida?

– Jobbing, fjellturar, henge med kompisar, ha det artig ute i sola og ikkje minst pleie forholdet til kjærasten Anette Lillestøl i Honndalen.

– Ferierer du?

– Eg håpar å få ein liten sydentur seinare i sommar.

– Kva er di draumeoverskrift i Fjordingen?

– Oldengut vann 630 milllionar i Eurojackpot!

– Tips til ein regnversdag?

– Vaske hus og glede mamma. Elles heiter det at det ikkje finst dårleg vêr, berre dårlege kle.

– Favorittbadeplass?

– Avleivikja og Langesetvatnet er favorittane.

– Badeshorts eller speedo?

– Badeshorts.

– Din sommarhit?

– Eg har ingen spesiell hit og høyrer på masse.

– Kva les du om sommaren?

– Det vert lite tid til å lese, men det vert nyheiter på nett. Speseilt sport og fotball-VM no i sommar.

– Du får sommargjester. Kva attraksjon i indre Nordfjord tek du dei helst med til?

– Via Ferrata, Loen Skylift, Briksdalsbreen, fjelltur i fjella våre og fiske i Oldenvatnet.

– Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

– Det må bli helsing til mamma, Anita Vigdis Guddal. For at eg er glad i ho og for at ho stiller opp når ho kan.