Fire personar er skadde etter bilulukka ved Vegtun. Det opplyser politioverbetjent Lasse Trosdahl til Fjordingen.

- To er kritiske skadde, to er lettare skadde og ein er uskadd, fortel vakthavande ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt til Fjordingen. Han stadfestar at det var totalt fem personar i dei to bilane.

Luftambulansen har letta frå staden. Det er lange køar på begge sider av ulukkesstaden, og vegen blir stengd i minst ein time til, opplyser politiet på ulukkesstaden litt før 12.30.

Ulukka skjedde på same stad som dødsulukka for nøyaktig ei veke sidan.

Oppdatert:

Vegen er no opna  att.

Helse Førde AMK melder på Twitter at fem personar har blitt frakta til Førde sentralsjukehus.