Kvalitet er stikkordet for kafeen til Fjellrosa 4H i Randabygda. Det gjeld både ostekake, svele med pudding til kaffien, og også varme sokkar i husflidsutsalet.

Det kjem ein jamn straum av gjester frå inn- og utland. Jonas Rand Hopland som står ved salsdisken, fortel at dei tener pengar. Mange av dei som går til Tvinnefossen avsluttar med ein tur innom Sjøkanten. Eit namn dei har med frå starten nede på fruktlageret. Det er 15. året med kafedrift og husflidsutsal, og eit tjuetals medlemer arbeider på skift.

Sist søndag var det Jonas Rand Hopland, Malene Hopland og Anna Emilie Tytingvåg som hadde vakt saman med Hildegunn Rand. Dei har alltid med ein vaksen sjølv om dei står for det meste av arbeidet sjølve. Det fall mange rosande ord både om det som vart servert, og salsutstillinga. Den viste at det sit mange nevenyttige kvinner og menn kring i bygdene våre.

Der var både handarbeid, lokal kunst og også produkt til glede for ganen. Nokre kom for første start på julegåvene, andre kom berre for å prate. Felles for alle var at dei hadde ein triveleg dag.