– Neste år er det 10-års-jubileum for Hornindal Rundt. Då ligg det også an til nokre endringar på arrangementet. Det seier pressekontakt Svein Otto Espe til Fjordingen.

– Vi tenkjer at 38-kilometers-løypa skal gå i motsett retning, altså med start ved Horndøla bru og med målgang i Honndalshallen. Mest truleg blir det også lagt opp til ein stafett, seier Espe.

– Korleis har gjennomføringa av årets løp gått?

– Det har gått veldig bra, dei siste kom i mål kl. 9.45 søndag, godt fornøgde. Det er ikkje registrert skader anna enn gnagsår og blemmer, fortel Espe, som saman med resten av arrangørkomiteen har fått gode tilbakemeldingar, spesielt på merkinga av løypa.