I fjor var det Vamp. I år er det Sigrid Moldestad med band som inntek hotellhagen for å halde konsert ved Visnes Hotel.

For andre året på rad inviterer Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal til hagekonsert ved hotellet. Målet er at dei skal invitere til konsert kvar sommar framover, og såleis gjere ein tradisjon ut av det.

– I fjor hadde vi 600 på konserten med Vamp, og vi håpar på eit liknande publikumstal i år, seier Arvid Otterdal. Med gode vêrmeldingar fredag trur han at det kan bli ein magisk konsert med Sigrid Moldestad, som stiller med fullt band.

Ei flott ramme

– Ja, dette trur eg kan bli fantastisk, med grilling og ein flott konsert. Vi tenker at Sigrid Moldestad og folkemusikk passar godt inn. Ho har tilknyting til distriktet, og musikken hennar kan skape ei flott ramme til ein hagekonsert, seier Otterdal. Han opplyser om at billettane går unna.

– Torsdag blir ein stor scenerigg frå Hønefoss sett på plass i hotellhagen, så alt skal vere på plass før fredagens konsert, fortel Otterdal.

Sigrid Moldestad kjem til Stryn med fullt band. Her frå konserten i kulturhuset tidlegare i år. Foto: Roy Aron Myklebust