– Kulturdagen i Liatunet blir 19. august. Vi skal fylgje vanleg program, men førebels er ikkje avklara kva yrke som skal visast, fortel Dag Vanberg. Han er i styret både for Liatunet og stiftinga «Gamle Innvik Ullvarefabrikk», og kan historia begge stader på fingrane.

– Når det gjeld Ullvaren er det også andre som kan ta omvising, seier han. Det er ikkje faste opningstider på nokon av stadane, men dei opnar når folk ber om det. Innvik Fjordhotell har fleire grupper som ynskjer omvising, i år har kulturskulen lagt avslutninga til den gamle garden og det er også mange andre som vil vitje dette særmerkte tunet.

– Nokon vil berre å ha historia, men det er også dei som ber oss fyre opp steikeomnen og lage til servering, seier han.

Også Ullvaren har ei spennande i historie. Eine vevstolen står ferdig, men dei manglar framleis nokre deler slik at dei kan vise den i bruk. Målet på sikt er å kunne vise historia til fabrikken i praksis.

Dette er ein av dei gamle vevstolane som er sett i stand, og Dag Vanberg kan historia. Foto: Inge Fænn