Til NM på Stord kom Trine Paulsen med både Fannemels Argon og Kapstads Herika.

Meritterte Argon har tre år på rad teke med seg tittelen Greinmester i sprang, men han er ingen ungdom lenger, og Trine fortel at ho i forkant av NM i fjor bestemte seg for at det skulle vere siste gangen han deltok i dette. Difor vart det i år greinmesterskap i dressur.

Her er det to deler, der dei beste går til ein A-finale som går i vanskegrad Middels C1.

Over all forventning

Trine hadde i haust sett seg som mål å klare A-finalen med Argon. Men i januar fekk hesten ein virussjukdom, og opptrening har teke lang tid.

– Så eg måtte senke forventningane og var eigentleg usikker på om eg skulle ta han med til NM i det heile, seier Trine.

Men NM-deltaking vart det, og i første avdeling enda Trine og Argon på 9. plass. Dermed vart det A-finaleplass.

– Over all forventning! seier Trine Paulsen til Fjordingen.

Dette var eit nivå dei aldri har starta på før, og heller ikkje trent p.g.a. sjukdommen.

– Så eg blei veldig overraska og fornøgd med å ri til over 60 prosent, seier Trine, som til slutt enda på ein 10. plass.

– Det er eg veldig fornøgd med, konkurransen er hard! seier ho.

Med Herika tevla Trine både i kampen om å bli beste unge fjordhest (6-års) og i greinmeisterskap i køyring. I sistnemnde gjekk det svært bra i dei fleste øvingane.

Heilt til topps

– Men i maraton var dessverre ikkje kommunikasjonen heilt på topp i første hinder, og vi pådrog oss ein del dyre feil der, fortel Trine.

– Desse tok diverre frå oss mogelegheita til å kjempe om topplassering i samandraget. Litt kjedeleg, så klart, men hesten har gjort ein super jobb i tillegg til at ho enno er ung og eg berre har køyrt ho sidan mars, seier Trine.

I kampen om å bli beste 6-åring gjekk det strålande for ekvipasjen. Her skal det konkurrerast i dressurriding, presisjonskøyring og sprangriding.

Herika og Trine var best i både dressur og presisjon, gjekk heilt til topps. Faktisk hadde dei alt før siste avdeling nok poeng til at ingen kunne ta frå dei sigeren!