Dei neste vekene tek Statens vegvesen pause i arbeidet med å rusta opp fleire av tunnelane på Vestlandet.

I Hordaland blir det mellom anna fleire veker stopp i arbeidet med Bømlafjordtunnelen på E39 og i Masfjordtunnelen på E39 i Nordhordland.

I Sogn og Fjordane blir det mellom anna pause i oppgraderinga av tre tunnelar på Sognefjellsvegen gjennom Luster på fylkesveg 55. Lenger ute langs Sognefjorden, i Høyanger, blir det også eit par veker stopp i tunnelarbeidet i Høyangertunnelen og Hovdetunnelen. Det same gjeld arbeidet i Eikelandstunnelen i Bremanger.

I Aurland tek arbeidarane i Flenjatunnelen på E16 sommarferie dei to siste vekene i juli, men frå 30. juli blir det på nytt nattestengingar på E16, fortel Statens vegvesen.

– Då startar også arbeidet med elektroinstallasjonane i E16 Gudvangatunnelen, og det blir køyrd samanhengande kolonne mellom Gudvangen og Flåm, heiter det.

Etter ferien startar også oppgraderingane av E16 Langhelletunnelen og Beitlatunnelen.