Fem personar var involvert i frontkollisjonen ved Vegtun tysdag.

– Den eine bilen, den som var på veg frå Stryn, har kome over i motsett køyrefelt og frontkollidert i køyrefeltet til den andre bilen, seier politiet sin innsatsleiar på staden, politioverbetjent Lasse Trosdahl frå politiet i Stryn.

Politiet har førebels ikkje konkludert når det gjeld årsak til at den eine bilen kom over i motsett køyrefelt.

– Enkelte media skreiv om oljesøl på staden, og at det var svært glatt vegbane?

– Oljesølet var noko som kom som følgje av ulukka. Dette er olje som er komen frå dei involverte bilane, seier innsatsleiaren.

Oljesølet førte til at det vart svært glatt på staden etter ulukka.

– Det vart lagt på dekkmiddel for å få trekt opp oljen. I tillegg er det mellombels skilta med 50 km/t og skilt som varslar oljesøl, slik at bilistane skal bli klar over det og senke farten.

Frå begge sider: Sidan kollisjonen tysdag har det frå begge sider av svingane vore skilta med 50 km/t og glatt veg.

- Det er berre ei veke sidan det var ei dødsulukke på staden, og det er tredje ulukka her sidan 1. juni. Det har også tidlegare vore alvorlege ulukker på denne strekninga. Kva blir gjort no frå politiet si side?

– Vi hadde måndag ei synfaring med Statens vegvesen for å sjå på sikt og andre forhold med tanke på mogelege tiltak. Signala i etterkant har vore positive, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.