Artistansvarleg Nils R. Sandal fortel at festivalen kvart år prøver å hente inn ein hovudartist. Sjølv om det kostar, meiner han det er med på å trekkje publikum.

Einaste konsert i Europa

I år er det Tanya Tucker som står øvst på plakaten.

– Ho tek med seg sitt eige band av dyktige musikarar, seier Sandal, som legg til at konserten i Breim blir den einaste ho held i Europa på denne turen.

På plakaten elles står artistar som Rotlaus, Vassendgutane, Nothin Fancy, Hanne Sørvaag, Blåstrå og Get Rhythm og mange fleire.

– Målsetjinga vår er ikkje at alle skal like alt, men at alle skal like noko – og det trur eg vi har lukkast med i år også, seier dagleg leiar Arne Kleppe i ei pressemelding frå arrangøren.

Aukande førehandssal

Førehandssalet av billettar til countrytreffet 12.–15 juli er i år tre gonger større enn i fjor.

– Festivalen har over tid bygd seg opp eit godt ry både med tanke på populære og gode artistar, men også rammene rundt elles, seier Kleppe.

I fjor hadde festivalen rundt 13.000 besøkjande. I år er campingarealet utvida og sjølv om rekordmange har kjøpt billettar på førehand, forsikrar Kleppe at det også er plass til dei som møter opp når festivalen startar.