Vegvesenet set inn strakstilstak: – Skilt kjem på plass over helga

- Etter at vi var på synfaring med politiet måndag vil det verte sett i gang strakstiltak i form av skilting, seier Lars Karlsen frå drift  og vedlikehald ved Vegseksjon Fjordane i Statens Vegvesen.

Tredje i sommar: Fem personar vart frakta til Førde, ein av dei med moderate skadar, etter kollisjonen tysdag. Dette var den tredje trafikkulukka på kort tid. Sist tysdag omkom ein motorsykkelførar på same staden.   Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Etter motorsykkelulukka sist tysdag, der ei kvinne i 50-åra omkom, tok politiet i Stryn kontakt med Statens vegvesen med tanke på ei synfaring på staden.

– Vi hadde måndag ei synfaring med Statens vegvesen for å sjå på sikt og andre forhold med tanke på mogelege tiltak. Signala i etterkant har vore positive, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.