– Ordninga er tenkt innretta slik at elevar med skuleskysskort skal få høve til å nytte alternative ruter heim frå skulen dersom det er ledig kapasitet på bussen, til dømes i samband med trening, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i eit brev til kommunane i fylket. Det er avisa Firda som siterer brevet.

Det er ikkje sett av ekstra midlar til ordninga og ein tek sikte på å utnytte det eksisterande rutetilbodet.

(©NPK)