Det er Kommunal Rapport som rangerer alle kommunar i Norge ut frå ulike sektorar. Per 1. januar 2018 syner tal at det er 422 kommunar i Norge. Rangeringa skjer ut frå ei totalvurdering, med ulike sektorar som utgjer 70 prosent av samla kommunebarometer. Fem kommunar frå Nordfjord er blant dei 100 beste totalt.

Opp og ned

Førde kommune er i KB (Kommunebarometeret) 2018 rangert som nummer ein, ei god stigning frå plass nummer 20 i fjor. Men også kommunar i Nordfjord gjer det bra med fem blant dei 100 beste totalt. Stryn har fått plass nummer 38 totalt, og dette er ein nedgang frå 2017 då kommunen var på plass nummer 15. Gloppen ligg på nummer 21 totalt, stabilt og temmeleg nær fjorårets plass nummer 24. Hornindal har totalvurdering som gjev plass nummer 52 i denne rangeringa, og dette er stabilt ut frå plass nummer 48 for 2017. Eid llgg totalt som nummer 16, ein sterk oppgang frå plass nummer 47 i 2017. Vågsøy er rangert som nummer 82 totalt, nærast same totalvurdering som i 2017 då dei kom på plass nummer 81.

Selje og Bremanger har eit dårleg resultat totalt sett. Selje kjem på plass nummer 239, ein markant dårlegare plassering enn i 2017 då kommunen fekk plass nummer 87. Bremanger har totalt plass nummer 393 i 2018-rapporten, og dette er også forverring frå 2017 då dei fekk plass nummer 344 for 2017. I totaltabellen er plassering for kommunane justert og basert på økonomiske føresetnader.

Skule og barnehage

Når det gjeld rangering for ulike sektorar i kommunane syner også dette ein variasjon, men også her får Nordfjord-kommunar god plassering. Seks kommunar i regionen er ifølgje Kommunal Rapport mellom dei 100 beste når det gjeld grunnskule. Denne sektoren utgjer 20 prosent av vekttal for vurderinga.

I grunnskulesamanheng har Stryn plass nummer 25, Eid åtte, Hornindal 18, Vågsøy 22, Gloppen 27 og Bremanger plass nummer 99. Berre Selje kommune er utanfor dei 100 beste, men er nær med plass nummer 104 for grunnskulesektoren.

Når det gjeld grunnskule er Asker kommune høgst rangert med førsteplass totalt.

Barnehagesektoren har vekttal 10 prosent i vurderinga. For denne sektoren er Hornindal mellom dei 100 beste med plass nummer 79. Det er ei betring frå 2017 då dei fekk plass nummer 83. Stryn er på plass nummer 196 med ein liten nedgang frå 2017. Gloppen har for 2018 fått plass nummer 136 og det er ei merkbar nedgang frå plass nummer 35 i 2017. I denne sektoren ligg Selje lågast i Nordfjord med plass nummer 408, ned frå plass nummer 357 i 2017.

Pleie, helse og barnevern

Sektor for pleie og omsorg har også 20 prosent av vekttal i vurderinga. I denne sektoren er det berre ein av Nordfjord-kommunane mellom dei 100 best rangerte i Norge, og det er Gloppen på plass nummer 71. Stryn har hamna på plass nummer 287, Hornindal 336, Eid på 148, Selje 394, Vågsøy 272 og Bremanger på plass 407.

For helsesektoren som utgjer 7,5 prosent vekttal i vurderinga ligg Stryn lågast i Nordfjord med plass nummer 391. To andre kommunar er ute av topp-100 lista. Det er Selje på plass nummer 289 og Bremanger på 380. Hornindal har plass nummer 35, Gloppen 58, Eid 83 og Vågsøy har plass nummer 56 i rangeringa for helsesektor.

Barnevern

Når det gjeld barnevern skårar Sandnes kommune best. Eid kommune har fått plass nummer 9, Gloppen nummer 33 og Vågsøy plass nummer 74. Stryn er inne i topp 100 med plass nummer 90. Selje har plass nummer 195 og Bremanger plass nummer 394. Hornindal har ikkje talfesting her.