Science-dag, Matdag, Globaldag, Haik, – på KFUK-KFUM-speidarane sin landsleir mangla det ikkje på interessante tema og stort engasjement.

Temaet for leiren var Futura, og gjennom programmet fekk vi eit innblikk i framtida, med ny teknologi, pengelaust samfunn og mat laga av insekt.

Bygging og daglegliv i leiren

Den fyrste dagen på leir går med til å reise leiren. Speidarane har øvd på knutar og surringar, og er vel kjende med konstruksjonen av bord og benker, kjøkenbenk, port, sagkrakk og feittfelle. Arbeidet må fordelast, og denne gongen gjekk det heilt smertefritt å reise leiren. Dei tre patruljane, Jerv, Isbjørn og Ulv, bygde kvart sitt bord på rekordtid, og så kom turen til det som var felles. Porten brukar det alltid å vere populært å få opp, vår port har utsiktsplatå, flaggstong og dei kjende bokstavane, forma av greiner som vi fann på Vinje i 1986. Dei utgjer sjølvsagt namnet: Stryn.

Arbeidslag

Speidarane i kvar patrulje er inndelte i arbeidslag, og kvar dag har dei oppgåver; frukost, middag, oppvask, vatn og ved. Litt vaksen støtte må til, men stort sett går også dette arbeidet fort og greitt, med villige, ansvarlege og flinke speidarar på oppgåvene.

Kveldane i leiren er prega av kos. Alt kan lagast på grue, kakao, ostesmørbrød, popkorn, te og kaffi. Men kveldane er fri, dei som har skaffa seg nye vener heng med dei, men mange samlast rundt bålet «heime».

Temadagar

Kvar dag på leiren hadde sitt tema, og søndag var det science-dag. Etter eit forrykande show på hovudscena var det klart for å eksperimentere i gruppa. Patruljane fekk velje kva dei ville prøve på, men heile dagen var til disposisjon, så ein kunne nå over mykje. Ein kunne mellom anna tenne eld med ein sitron, lage ballonggitar, få ein binders til å flyte, lage lavalampe og få ein raudkål til å skifte farge. Speidarane skulle eksperimentere og gjere nye oppdagingar. Å vekkje interessa for ny teknologi, var eit av måla for dagen.

Smake på insekt

Neste dag var det matdag, og målet for dagen var å utforske framtidsmaten. Den er sjølvsagt vegetarisk, og insekt er viktige ingrediensar. Nokre kvidde seg nok for å smake på dei tørka larvane og sirissane, men alle kom vel frå det. Nokre hevda at det smakte godt. Speidarane var med på aktivitetar som relaterte seg til matlaging i framtida, og middagen vart laga utan kjøt og med insektmjøl i brødet. Det tok lang tid å lage, men smakte heilt greitt. Dette blir kanskje noko vi må venje oss til?

24 timar ute i terrenget

Haiken tek vanlegvis to leirdagar. Ein skal vere 24 timar ute i terrenget, ta seg fram etter kart og kompass, sove, lage mat og underhalde seg sjølv ute i det fri.

Men den fyrste føremiddagen går med til å pakke rett utstyr, og den siste ettermiddagen går med til å kvile.

Det er i det heile to gode leirdøgn, der programmet ikkje er anna enn å gå på tur.

Bymanøver og kreativ dag

Ein dag var det ulikt program for dei yngste og dei eldste speidarane.

Dei eldste reiste til Stjørdal for å vere med på bymanøver, og dei yngste var på kreativ dag i leiren. Her vart det mellom anna laga overlevingspose, sokkedyr og smørjeknivar.

Sør-Sudan i sentrum

Den siste dagen var Sør-Sudan i sentrum, og prosjektet som KFUK har der, med fylgjande fire fokusområde:

1. Mental helse og traumebehandling for barn og unge.

2. Støtte til ungdom som vil skape eigen arbeidsplass.

3. Utdanning, spesielt for jenter.

4. Aktivitetsgrupper for å gje barn og unge meining i livet.

Ei heil fotballbane vart teken i bruk som marknadsplass, og Strynespeidarane selde popkorn og vaflar til inntekt for prosjektet. Det gjekk unna. Vafler steikt på grue er beste sort, og desse var ekstra gode, med raspa gulrot frå middagen dagen før.

På Globalløpet seinare på dagen var det fire av Strynespeidarane som deltok. Johan sprang 13 rundar på ein halv time, og håva inn over 1.500 kroner til hjelp for trengande i Sør-Sudan. Heiagjengen og manager Fredrik gjorde og ein stor innsats.

Leirbål

Å samle 5.000 speidarar kring ei scene krev både lydforhold og storskjermar med profesjonelt format. Og her var det ingen ting å seie på profesjonaliteten. Eit solid leirband stod for musikken, saman med sprudlande og dyktige forsongarar. Tre jenter frå Volda varma opp publikum før kvar økt, med leikar og rop, og to programleiarar heldt det heile saman med fast hand, fart og humør.

Vi fekk sjå bilete frå leirdagen og vi fekk kvar dag møte nye menneske i sofaen, som reflekterte over dagens tema.

Allsong viktig

Allsong var viktig, leirsongen engasjerte og gamle speidarsongar og nye poplåtar fenga like godt.

Alle songar var på norsk denne gongen, trass i at her var gjester frå 21 land utanom Norge. Mario Liavåg, som er vikarprest i Nordfjord i sommar, var leirprest og han hadde kvar dag eit lite innlegg som sette tankane i sving.

Vi fekk høyre om samanhengen vi står i, om ansvaret vi har for kvarandre, at alle er like verdfulle, og at det ikkje er likegyldig korleis vi lever.

Vi får tru at alle reiste heim, litt trøytte etter ei heil veke med friluftsliv, men også litt klokare, litt tryggare på seg sjølv og litt meir optimistiske med tanke på framtida.