- Så vidt ein veit har det ikkje vore gudsteneste i friluft midt i Stryn sentrum tidlegare. Men no inviterer vi til ei samling på Per Bolstad plass, og ser for oss at dette blir ei gudsteneste det blir lett å kome fram til, i alle fall for dei som bur i eller nær sentrum.

Der blir stolar til alle, så ein treng ikkje bekymre seg for at det skal bli lenge å stå.

Det blir dåp i gudstenesta, og dåpsbarnet kjem trillande i vogna si, sidan familien bur ganske nær. Speidarar blir med og deltek med ulike tenesteoppgåver, og det blir nattverd for alle som ynskjer det.

Salmane denne dagen skal vere kjende og lette å vere med på, og alle får eit ark med tekstar på det dei skal delta i. Men alle er velkomne, også dei som helst vil lytte, og oppleve det som skjer.

Kommunen har lånt ut plassen og vore velvillige på alle måtar, så no står det berre att å gjennomføre eit spennande eksperiment på ein vanleg kyrkjesøndag, oppfordrar sokneprest Henny Koppen.