Steffen Melheim frå Olden IL held fram med å imponere i kastøvingane i friidrett. Før helga forbetra han sin eigen aldersrekord i diskos for Sogn og Fjordane, med eit kast på 61,90 meter. Dette skjedde under seriestemne på Byrkjelo.

Kastet med 1 kg diskosen er også det nest lengste kastet av ein 15-åring gjennom tidene i Norge. Denne rekorden er på 64,24 meter, eit resultat som blei oppnådd i 1973.

Dette resultatet gir Melheim heile 1141 poeng på Tyrvingtabellen, der resultat over 1000 poeng er vurdert som framifrå resultat.

Også i kulestøyt hevda Melheim seg. Under seriestemnet slo han sin eigen personlege rekord med over ein meter, då den fire kilo tunge kula landa på 16,20 meter. Dette støytet er det lengste av ein 15-åring i Norge så langt i år, og gir 1027 poeng på Tyrvingtabellen.

Melheim har vist god form gjennom sommaren, og så seint som i byrjinga av månaden tok han gull i Världsungdomsspelen i Göteborg.