Før juli er omme er det henta ut vel 5.000 kubikkmeter tømmer frå skogen til fire grunn-eigarar på Gjørven i Stryn.

Det var ved påsketider skogsentreprenør Jarle Eikås i Jølster starta hogging på Gjørven i samarbeid med Olav Thorsnes frå DK Skogservice i Balestrand.

Dag etter dag har dei arbeidt seg gjennom bratta i teigane til Jan Egil Gjørven, Arvid Gjørven, Anne Gjørven og Idar Meland.

– Her er mykje bra skog. Dei eldste trea er opp i mot 80 år, fortel Eikås, som har heile området frå Rogaland til Sogn og Fjordane som arbeidsfelt. Han har også vore på Austlandet, og høgg mellom 18 og 20.000 kbm i året.

Lønsemda

Det er stor etterspurnad etter sagtømmer. Beste kvaliteten frå Gjørven skal til Belgia, andre kvaliteten til Tyskland og noko skal til Danmark medan slippen skal til Skogn. Alt via kaia på Faleide.

Det er for tidleg å seie kva inntekt grunneigarane sit tilbake med, truleg mellom 40 og 60 prosent alt etter kvaliteten, men Eikås fortel at prisen på gran har aldri vore betre i dei 20 åra han har vore i bransjen. Det er også gledeleg oppgang i prisen på slipp. Det er ein fordel at driftene blir store når ein først skal rigge seg til, men det er også mogeleg med mindre drift. Det blir ikkje brukt taubane på Gjørven. Maskinene klatrar oppover på gamle og nye skogsvegar. Hoggaren føre og legg til rette slik at han som står for transporten kan lesse frå begge sider.

– Eg reknar med at eg har ca. 20 kbm på hengaren, fortel Thorsnes når han kjem ned bratta i støvsky frå mold og sand.

Hogstmaskin: Jarle Eikås i maskina som har lagt 5.000 kbm i bakken. Foto: Inge Fænn
God utsikt: Han som lesser har god utsikt mot Stauri. Foto: Inge Fænn
Mykje tømmer: Jan Egil Gjørven (t.v.) og Idar Meland er nøgde med skogsdrifta. Foto: Inge Fænn
Tungt lass: Olav Thorsnes med 20 kbm på hengaren. Foto: Inge Fænn
Datastyrt: Kristoffer (med vesle Norvald, 8 månader, på armen) skal utvikle databoks for skogsdrift. Foto: Inge Fænn