Fleire strynelag til Gothia Cup

Set kursen for Sverige

Gothia Cup: Johannes Garlid Tenden spelar for Stryn sitt 16-årslag i Gothia Cup som startar neste veke. Fleire av strynelaga sine kampar vil bli vist på Gothia Cup si heimeside.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn stiller med fleire aldersbestemte lag i fotballturneringa Gothia Cup i Gøteborg, som startar denne veka.

Stryn jenter 13 møter Askims IK (SVE), AIK FF (SVE), San Francisco SC Ravens (USA) i gruppespelet.

Stryn jenter 14 er i gruppe med Näsets SK (SVE), IF Brommapojkarna (SVE) og IFK Osby (SVE).

Stryn jenter 15 skal opp mot Bälinge IF (SVE), Emmaboda IS (SVE) og Hille IF (SVE).

Stryn gutar 13 er i gruppe med Svartviks IF 1 (SVE), Blumenthaler SV (TYS) og FC Ajax Tallin (EST).

Stryn gutar 14 møter Töreboda IK (SVE), IF Lödde 2 (SVE) og South Molton FC (ENG).

Stryn gutar 16 møter CD Inter Vista Alegre (SPA), Emmaboda IS (SVE) og Staffanstorp United 1 (SVE) i sitt gruppespel.

Fleire av kampane kan følgjast direkte på heimesida til Gothia Cup.