Søndag formiddag blei det arrangert gudsteneste i friluft på Per Bolstad plass, og mange nytta seg av sjansen til å oppleve dette.

– Det var ein god oppslutning på gudstenesta. Folk frå omsorgssenteret fikk moglegheita til å kome, då det var lett å kome seg hit. Også var det også mange turistar som stod og såg på, seier sokneprest Henny Koppen.

Ho fortel vidare at det gikk bra å halde gudstenesta ute, med hjelp frå gode medarbeidarar, gjennom mellom anna forsongarar og speidarar som var med på å bistå med gjennomføringa.

Du kan lese meir og sjå fleire bilder frå gudstenesta i papiravisa.