Det var mange som møtte opp for å sjå VM-finalen mellom Frankrike og Kroatia på storskjermen ved Isehaug. Slik det har vore gjennom heile VM-sluttspelet.

– Når det gjeld oppmøte så toppa det seg under England – Sverige kampen, då var her fullt, seier Jens Isehaug.

Bak baren var begge finale-nasjonane representerte gjennom kroatiske Ivana Krešić og Audrey Cerrone frå Frankrike. Det var den sistnemnte som var mest fornøgd etter at kampen var over.

– Det er veldig deilig med fransk seier, sjølv om vi var favorittar. Men her var jo ingen franske supporterar i Stryn. Eg følte meg så aleine at eg ikkje heilt turte å sleppe jubelen laus, seier ein smilane Cerrone etter kampen.

For det var eit stort fleirtal av kroatiske sympatisørar som var samla på Isehaug, noko ein for alvor merka på 1-1 scoringa, då det verkeleg tok av rundt skjermen. Stemninga snudde raskt, og då dommaren blåste av kampen var det Frankrike som kunne løfte pokalen. Men til tross for tapet var ikkje Krešić for skuffa.

– Vi er eit lite land med store draumar, som leverer ein veldig bra kamp i dag. Eg trudde vi skulle komme tilbake, men vi får ta dei neste VM!

Etter kampen venta det ein gratulerande klem frå Krešić til Cerrone, som begge kunne slå fast at vennskapet ikkje hadde endra seg noko gjennom kampen.

– Vi er fortsatt glade i kvarandre.

Kroatiske Ivana Krešić (t.v.) og franske Audrey Cerrone stod bak baren under finalen.