Stryn stiller med lag i jenter 13-, 14- og 15-årsklassen, medan dei på gutesida har lag i klassane 13, 14 og 15 år.

Fire av laga opna turneringa på best mogleg måte, då dei sikra seg alle tre poenga i opningskampen. Jenter 13 haldt nullen mot svenske Askims IK, og scora i tilleg fire gongar. Denne prestasjonen kopierte gutar 16 like etterpå då dei slo Emmaboda IS 4-0. Emmaboda IS var også motstandar då jenter 15 laget til Stryn sikra seg ein 3-0 siger.

Gutar 14 laget leverte også ein imponerande kamp, som enda i ein 6-0 siger over Töreboda IK.

Jenter 14 og gutar 13 gjekk dessverre begge på 1-6 tap, mot henhaldsvis IFK Osby og Blumenthaler SV. Men allerie i morgon har dei sjansen til å revansjere seg, når alle lag skal i aksjon igjen.

Då skal gutar 14 møter i morgon South Molton FC, gutar 13 møter Svartviks IF 1, jenter 13 skal ut mot amerikansk motstand i form av San Francisco Vikings og jenter 15 skal møte Hille IF. Desse kampane kan ein sjå på Gothia Cup sine eigne nettsider. I tillegg skal Jenter 14 skal ut i aksjon mot IF Brommapojkarna som har stolte tradisjonar i denne turneringa, medan gutar 16 skal forsøke å gjenskape dagens siger når dei møter CD Inter Vista Alegre. Alle desse kampane kan ein følgje med på gjennom oppdateringar frå på Gothia Cup si heimeside.