Sidan 1. juni har det skjedd tre alvorlege ulukker på staden. I den eine omkom ein motorsykkelførar, etter å ha køyrt rett fram i svingen og utfor vegen.

Folk som trafikkerer vegen dagleg fortel at det gjennom året er mange uhell her som ikkje blir registrerte fordi det ikkje er personskade.

Frå arkviet: Avisarkivet viser utforkøyringar, kollisjonar og velt. Faksimile FjordingenFaksimile Fjordingen
Frå Arkivet: Blar ein i avisarkivet ser ein at svingane på rv 15 ved Vegtun har vore åstad for mange trafikkuhell. Faksimile Fjordingen 2009
Nøyaktig 25 år: Her skjedde utforkøyringa for to veker sidan. Utklippet viser utforkøyring på same stad og på nesten same dato for 25 år sidan. Faksimile Fjordingen

Utruleg mange hendingar

– Det er bra det blir skilta. Det er på høg tid. Akkurat her har det vore utruleg mange hendingar, seier Jan Bernhoft, som driv Jan’s Bilberging i Stryn og har henta fleire titals bilar her.

– Det er utforkøyringar, veltar, kollisjonar, bussar som har gått rett fram. Det er ein svært knapp sving og samstundes kryss. Sjåførane har ikkje sikt, det er ein fjellknatt som hindrar sikta og det er ikkje blitt betre av at det kom kontainerar på den opne plassen ved svingen.

Håpar tiltaka har verknad

Hastetiltaka frå Statens vegvesen er m.a. skilting om anbefalt fart 40 km, og skilting som viser at det er ein knapp sving.

Det blir også sett opp skilt noko lenger oppe og nede som varslar farlege svingar, og det vert sett opp fleire «sersjantstriper».

Farlege svingar: - Frå begge sider skal det også mellom anna varslast om farlege svingar, fortel Vidar Solheim.

– Med på synfaringa med politiet var også ein representant for Seksjon for plan og forvaltning i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Han arbeider med å sjå på eventuelle tiltak på lenger sikt, seier Lars Karlsen frå drift og vedlikehald ved Vegseksjon Fjordane i Statens vegvesen.

Vurdere over sommaren

– Kva slags tiltak kan det då vere snakk om? Fjerning av fjellknausen som hindrar sikt, til dømes?

– Vi kan ikkje seie meir om konkrete tiltak no. Vi håpar at dei strakstiltaka vi set inn skal ha verknad, og så får vi vurdere kva som eventuelt skal gjerast vidare når vi kjem over sommaren, seier Karlsen.