Tysdag kveld høyrde Gerd Gytri Mek ein høg lyd utanfor huset sitt.

– Det var eit høgt smell, og vi lurte på kva som skjedde, fortel ho.

Kva som skjedde fann dei ikkje ut av før ho såg på markisa si to dagar seinare.

Ute ved inngangsdøra stod markisa utslått, og på den eine stonga var der eit svart merke. Ved nærare inspeksjon kom Mek fram til at det måtte stamme frå ei kule.

– Ein skytekynding var her og såg på merket som var dukka opp, og han seier at det kom frå ei kule, seier Mek vidare.

Saken blei meldt til politiet, og politibetjent Tor Egedahl har inspisert treffpunktet. Også han kom fram til at det sannsynlegvis var ei kule som var årsaken til lyden og merket.

– Vi har no vore og sett på saken, og det vil bli registrert av politiet, seier Egedahl. Han legg til at skotet etter all sannsynlegheit var eit uhell, og håpar den skuldige står fram, slik at Mek kan få slappe av igjen.

– Eg sov ikkje i natt. Det var ein svært ubehageleg oppleving, seier Gerd Gytri Mek.