Stryn kommune har vedteke å fakturere Mesta AS med eit straffegebyr på 10.000 kroner, gjennom eit administrativt vedtak av avdeling for kommunalteknikk. Straffegebyret gjeld belting på kommunal veg, og er innført for å unngå skader på asfalt- og oljegrusdekke i samband med flytting av maskiner.

Maskinentreprenør Mesta AS hadde oppdrag med opparbeiding av bustadfelt på Rake i Loen sist vår. Under dette arbeidet belta gravemaskiner med stålbelter på kommunal veg. Det vart skader på asfalten som djupe spor og nedbrotne asfaltkantar. Synfaring skjedde saman med entreprenør i juni.