I fylgje vervarslinga er store delar av det sørlege Norge inne i verste tørkesommaren sidan 1947. Konklusjonen på ein rundtur til mjølkebønder i Stryn og Hornindal er at talet på rundballar frå første slåtten er berre halvparten av eit normal år. Det er likevel ikkje snakk om ein avlingssvikt på 50 prosent.

– Det er uvanleg mykje fôr i kvar rundballe. Dersom fôrprøvene viser god kvalitet snakkar vi om ei avling på 60 prosent av eit normalår, seier leiaren i Stryn Bondelag, Bjørn Rørtveit.

Noko betre i Hornindal

Lars Andreas Tomasgård meiner at i Hornindal ligg produksjonen på om lag 70 prosent av eit normalår.

I Stryn er det mange som vil starte andre slåtten om få dagar. Dei set lit til at når det er så tidleg på året vil det kome regn. Då kan dei kan hauste ein god tredje slått.

I Hornindal har dei dårleg røynsle med tredje slått. Dei kjem truleg til å vente til august med hoslåtten.

– Felles for alle er at dei snakkar ikkje om krise, men dei vedgår at tørken skaper problem og skiplar på planane. Store område med attlegg som no skulle vere klar for hausting, står brune og fulle av ugras.

Andre har det verre

– Det er nok dei som har det verre, er kommentaren frå Lars Henrik Skår på Mindresunde. Då vi var innom for å sjå på deler av enga som hadde fått lusangrep hadde han vitjing av ein kornbonde frå Stange ved Hamar.

Han hadde 350 mål med korn som var meir og mindre brunsvidd, og han rekna ikkje med at mjølkebøndene få særleg mengde med halm som tilleggsfor.

På Mindresunde er det god jord, men Skår har fått lusangrep, og han er tydelegvis ikkje åleine om det problemet. Felleskjøpet var utselde for sprøytemiddel.

Ikkje nedslakting

Jarle Sæten som er produsentkontakt ved Nordfjord Kjøtt seier at dei har registrert større slaktemengde enn vanleg for årstida. Skulle det bli problem kan dei ta imot meir. Lokalt slakt er trass alt berre 10 prosent av den totale kjøttmengda til NK.

– Vårt råd til produsentane er at dei slaktar stutar og ungdyr og sparer fôret til mjølkekyrne, seier Sæten, og det same seier bøndene sjølve. Nokre har alt sendt uksar til slakt.

Ettertanke

Sjølv om bøndene lokalt ikkje snakkar om krise, meiner dei at det er ein situasjon til ettertanke.

Dei fleste har litt rundballar frå tidlegare år. Dei som kan få problem er dei som har gapt litt høgt og har meir dyr enn fôrgrunnlaget tilseier.

Tørken har ramma også andre land. Det er snakk om import frå USA og Canada.

– Kanskje folk oppdagar at det er ikkje er alt som kjem av seg sjølv, og at det kan vere lurt å ha både kornlager og ein større sjølvbergingsprosent, seier Tomasgård.

Det siste er leiaren Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde samd i. Bondelaget vil fylgje utviklinga med eit vake auga. Kjem det ikkje regn blir det produsentmøte og rådgjeving i august. Dersom det blir aktuelt å redusere dyretalet, er det viktig å ta uksar og ikkje mjølkekyr. Det kan ramme både mjølk- og smørproduksjonen.

Litt humor

Det er ikkje så mange som hugsar attende til sommaren 1947, og problema den gongen. Ragnar Skår (94) vaks opp på Mindresunde. Der var god jord og bra avling, men faren hadde ei flate som trongde vatn. Han ringde brannvesenet i Stryn og bad dei kome med ein tank med vatn.

Svaret var nei, men då han ringde på nytt og lova heimebrygg til brannmannskapet kom dei, fortel Ragnar med ein liten smil.

God historie: Ragnar Skår hugsar tørken i 1947 Foto: Inge Fænn
Tørt: Bjørn Rørtveit ved ny eng som skulle vore høg og frodig. Foto: Inge Fænn
God sak: Her skulle vore det doble med rundballar. Sindre Aabrekk fortel at dei har brukt gul plast til støtte for kreftsjuke born. Foto: Inge Fænn
verre for andre: Lars Henrik Skår og Bjørn Rørtveit i prat med kornbonde Oddvar Pettersen som kan fortelje om krise i Hamarområdet. Foto: Inge Fænn
Ikkje krise: – Vi måla på litt smil sjølv om vi kunne tenkt oss betre avling, seier Lars Andreas Tomasgård. Foto: Inge Fænn