Varslingssaka kring det kommuneleiinga meiner er brot på dei etiske retningslinene, vart handsama 4. juli i Hornindal administrasjonsutval med varaordførar Randi Langlo som møteleiar. Ordførar Stig Olav Lødemel gjekk frå som møteleiar sidan han tidlegare har gjeve melding til rådmannen at han i saka erklærer seg som ugild. Dette grunna familieband til fleire partar i saka.

Administrasjonsutvalet vedtok å handsame saka i eit lukka møte slik at Fjordingen ikkje fekk tilgang. Avisa er heller ikkje kjende med utfallet av møtet. Fjordingen har vore i kontakt med ein av dei som er knytt til den aktuelle saka, men vedkomande ynskjer ikkje å uttale seg eller kommentere dette. Sigurd Muldsvor har ikkje svart på Fjordingen sine forsøk på kontakt.

Gjorde saka kjend sjølv

Saka vart offentleg kjend ved at Sigurd Muldsvor sjølv ynskte openheit og ope tilgang for eit brev han skreiv til kommunen. Der syner han til motteke varsel, og brevet hans avslører at varselet handlar om rolla hans i eit eigedomskjøp.

Etter dokumentet frå rettsavgjerda i Sogn og Fjordane tingrett, munna dette ut i ei rettsleg forføyning om å stoppe eigedomssalet der seljar ynskte å omgjere avtalen. Retten såg det tilstrekkjeleg sannsynleggjort at kjøpsavtalen er urimeleg. I rettskravet vert det forklart at Muldsvor med nære familieband til kjøpar hadde aktiv rolle i lys av å vere kommunalt tilsett.

I det opne brevet frå Sigurd Muldsvor til Hornindal kommune beskriv han praksisen med å hjelpe innbyggjarane med ulike oppgåver. Han nemner råmannen har kommentert den nære relasjon og slektskap til kjøpar og spør om rådmannen meiner tilsette ikkje lenger skal hjelpe innbyggjarane slik ein har gjort før, og seier at «i så fall må alle tilsette bli opplyste om dette».

Vidare forklarer Sigurd Muldsvor si rolle i eigedomshandelen, der han fortel at han på oppmoding frå kjøpar (som han er i nær slekt med, journ. anm) skaffa takstmann. Muldsvor seier og at det var han som skaffa advokat til å gjennomføre salet, og det var han som køyrde seljar og kjøpar til advokaten der salskontrakten og skøytet vart signert. Han seier i avslutninga i brevet til arbeidsgjevaren sin at han ikkje ser grunn til å gjere noko annleis i høve å tene innbyggjarane.

Etikk

§ 6 i Hornindal kommune sine etiske retningsliner fastslår at både tilsette og folkevalde må vere innstilte på at det vert sett kritisk lys på habilitet og innhald/kvalitet i tenesteytinga.

I paragraf 7 står det at tilsette og folkevalde skal til ei kvar tid og ved eit kvart høve unngå å kome i situasjonar som kan medføre konflikt mellom kommunen sine interesser og personlege interesser. Reglane slår fast at dette også kan gjelde tilhøve som ikkje vert råka av reglane om habilitet i forvaltningslova. Som døme er nemnd personlege økonomiske interesser, familiære og andre nære sosiale tilhøve. Denne paragrafen seier også at kvar einskild elles har plikt til å gjere seg kjend med habilitetsreglar gjeve i lovar, forskrifter og i andre retningsliner.

Hornindal-rådmann Ann Kristin Langeland uttalte til Fjordingen sist veke at ho og resten av leiargruppa skal fokusere på gjennomgang og forståing av dei etiske retningslinene når ferieavviklinga er avslutta for alle.

Sal: Garden i Hornindal som vart seld, og der prosessen rundt salet har utløyst varslingssak. Foto: Anne-Mari Aalberg