Sist helg runda Loen Skylift 60.000 vitjingar. Det går mot ny rekordsesong, fortel driftsleiar Arne Reme.

– Vi har større trafikk i juli i år enn i same tidsrom i fjor, fortel Reme som vonar at dei skal passere fjorårstalet med god margin.

Tysdag ankra Seabourn Ovation med 550 passasjerar om bord, opp på Lobukta. Halvparten skulle på Hoven.

På grunn av eit overraskande uver måtte dei stenge bana vel ein time. Då viste talet på vitjingar 1.030. Dagen før var det 1.200, og stappfullt på parkeringsplassane.

– Tysdag måtte vi hente ned nokre cruisepassasjerar med bil slik at dei nådde båten, men alle kom med. Vi har strenge rutinar for stenging. Vi fylgjer med utviklinga i veret heile tida, og tek ingen sjansar, fortel Reme som er godt nøgd med veksten i talet på vitjingar.