På ein dag der det strålande solskinet tok slutt, og regnet plaska ned i Göteborg haldt laga frå Stryn fram med å imponere med gode resultat i Gothia Cup.

Jenter 14 reiste seg etter opningskampane, og slo Näsets SK 2-0 i ein kamp som haldt på å regne vekk. Med to minutt igjen såg dommaren seg nøydd til å blåse av kampen då bana kunne minne om eit basseng, og faren for lyn sneik seg innpå laga. Dermed sikra jenter 14 seg sin første siger i turneringa i ekte vestlandsvêr. I morgon skal dei i aksjon mot norsk motstand i form av Rælingen i B-sluttspelet.

Hos gutar 13 var det stor spenning knytt til kven som skulle ta den siste plassen i A-sluttspelet. Stryn og FC Ajax - Tallinn stod begge med tre poeng etter dei to første kampane, og vinnaren her sikra seg plassen i A-sluttspelet. Ein sein scoring av Stryn sørga for 1-0 siger, og andreplass i gruppa. I morgon skal dei møte thailandske Southern Beach FC i første utslagsrunde.

For jenter 13 var der også stor spenning rundt kven som skulle ende i kva posisjon. Mot AIK IF gjorde jentene frå Stryn jobben sin og vann 2-1 mot laget som toppa gruppa. Dette resultatet, samt resultatet i den andre kampen gjorde at Stryn hamna på tredjeplass i gruppa, på lik poengsum som både AIK og San Francisco Vikings, berre slått på målskilnad. I morgon skal dei spele 1/8 finale i B-sluttspelet, der dei møter vinnaren av Vaksala SK og Surahammars FK.

Stryn sitt gutar 14 lag har imponert så langt i denne turneringa, og dagens resultat var ikkje noko unntak. Mot laget som hamna på andreplass i gruppa, IF Lödde, vann Stryn 4-0, noko som betyr ni poeng og 12-0 i målskilnad gjennom gruppespelet! I morgon møter dei Spånga IS FK til kamp i A-sluttspelet.

Full pott på dei tre gruppespelskampane kan også jenter 15 laget til Stryn skryte av, etter at dei i dag slo Bälinge IF 6-0, og avslutta gruppespelet på glitrande vis. Forhåpentlegvis kan forma halde fram når dei i morgon møter vinnaren av Bærums Verk Hauger IF og Scandia United SA i sekstendelsfinale.

Gutar 16 laget til Stryn spelte også ein kamp om A-sluttspelplass i dag, då dei møtte Staffanstorp United. Dessverre enda denne kampen 1-3 til svenskane, som enda som nummer to i gruppa. Dermed skal Stryn gutar 16 møte Stenkullen GoIK i B-sluttspelet i årets turnering.

Med andre ord har alle strynelaga imponert, og levert gode prestasjonar. I morgon er det klart for utslagsrundene i turneringa. Kampane til gutar 13 og 16, og jenter 13 og 14 blir alle strøyma direkte på Gothia Cup sine nettsider. Her kan du også finne direkteoppdateringar frå alle kampane som blir spelte.