Det har vore god interesse i samband med anbodskonkurransen i høve Hornindal skule. Tildeling av totalentreprise er gjort. Anbodet er i følgje leiar FDV bygg i Hornindal kommune, Audun Gausemel, valt ut frå ein kombinasjon av pris og ut frå erfaring og forståing av massiv-tre sine eigenskapar.

HT Bygg AS sitt pristilbod er på 27.885.000 kroner. Det er sett frist for dei andre anbodsdeltakarane til å klage på avgjerda og konkurransegrunnlaget. Denne fristen er sett til ti dagar og må såleis vere motteke i Hornindal kommune seinast torsdag 27. juli. Kontrakt vert ikkje skrive før klagefristen er ute. HS Bygg AS frå Stryn og Opal Entreprenør AS frå Eid har og gitt anbod på oppdraget.