I solskinet på Olympique de la Pontaise blei Per-Egil Flo denne veka presentert som ny spelar for den sveitsiske klubben Lausanne. Dermed forlét han tsjekkiske Slavia Praha etter at det har blitt begrensa med speletid for Flo den siste sesongen. Han tek med seg eit ligagull og ein andreplass på eit og eit halvt år i den tsjekkiske hovudstaden.

Lausanne rykka ned frå sveitsisk Super League i fjor, og skal i år spele på det som er nivå to i Sveits. Giorgio Contini, Lausannes trenar, seier til klubbens nettstader at når sjansen til å signere Flo baud seg, så var det openbart for dei å slå til.

- Med sin erfaring og historie vil han heilt sikkert bli ein leiarskikkelse i vårt lag. Han har stor motivasjon og håpar på å oppnå sine personlege mål. Vi er veldig fornøgde med hans ankomst, og håpar å sjå han på bana med Lausanne drakt veldig snart, seier Contini til klubbens nettstad.

Lausanne er eit av dei meir suksessrike laga i Sveits, og med sine sju ligatitlar er det berre seks lag som har fleire enn dei i landet. I 2010-11 sesongen var dei eit overraskingslag i UEFA Europa League, då dei kvalifiserte seg til gruppespelet her sjølv om dei også då spelte på nivå to i Sveits. Dette klarte dei gjennom sin innsats i den nasjonale cupen, der dei kom til finalen før dei tapte for Basel.

Allereie i morgon opnar Lausanne sesongen sin, då dei tek imot nyopprykka Kriens i sveitsisk Challenge League.