Mohammad Aljajeh (17) og Siv Visnes (16) har sommarjobb ved Stryn omsorgssenter.

Mohammad ynskjer å studere medisin og skaffe spesialisering innan nerve-, hjarte- og karsjukdomar.

– Bestemor fekk feil i hjernen. Ho kunne ikkje snakke eller bevege seg. Det har motivert meg. Og den beste legen i gamlebyen min er mitt førebilete, seier Mohammad.

For Siv Visnes var val av arbeidsstad naturleg. Ho satsar på å utdanning som helsefagarbeidar og tek i haust til på andre året på Stryn vgs.

Avdelingssjukepleiar Lisbeth Sollid rosar dei unge medarbeidarane som pliktoppfyllande og med gode haldningar.

– Dei er ein kjemperessurs. Dei eldre har så godt av at nokon har tid til å gå turar med dei og tid til å sette seg ned med dei, seier avdelingsleiaren og fortel at ungdomane får ta del i arbeid der dei kjenner seg komfortable.