Politiførstebetjent Torbjørn Sælen fortel at det har blitt arbeidd systematisk med å finne ut av årsakene til ulukker, og det å førebygge desse i fleire år. Fartskontrollar er ein stor del av det førebyggande arbeidet som blir gjort.

– Dei tre største årsakene til ulukker er rus, fart og distraksjonar i form av mobiltelefon. Dette er også tre ting vi forsøker å få bukt med gjennom desse kontrollane, seier han.

Ingen feilkjelder

Før fartskontrollen tek til er det mykje som må kontrollerast av politibetjentane. Laseren må klargjerast, og då må siktemiddelet vere rett innstilt, for å måle riktig bil. Avstandsmålaren blir kontrollert ved bruk av måleband. I tillegg må vegbana sjekkast, då der ikkje kan vere reflekterande lys som forstyrrar laseren. Og alle desse kontrolltestane blir gjennomført både før og etter fartskontrollen.

Kontroll: Laseren blir nøye sjekka både før og etter kontroll, slik at ein kan vere sikre på at alle måleresultat stemmer.

– Grunnen til at vi sjekkar dette kvar gong er for å eliminere vekk alt av feilkjelder, slik at vi kan vere sikre på at resultatet stemmer. Målingane vi gjer må kunne forsvarast i retten dersom det kjem så langt, så då må vi vere sikre, fortel Sælen.

Mobilbruk i fokus

Av utstyr er det ikkje berre laseren som er med på slike kontrollar. Ein kikkert står stødig ved sidan av laseren, slik at betjentane kan sjå om sjåførar nyttar mobilen sin.

Mobilen er nemleg ein stor distraksjon, men det er ikkje berre det å sitje og snakke i mobilen som er farleg.

– Folk sit og fokuserer på telefonen sin, og ofte held dei den skjult under dashbordet. Derfor stiller vi oss av og til oppe på små høgder langs vegen, slik at vi kan sjå inn i bilen, og då kan vi sjå dette også. Det å halde mobilen der nede og tekste og sånt er mykje farlegare enn å sitje og snakke i den, forklarar Sælen.

Varslingsgrupper og blinking

Sælen fortel også at der har oppstått Facebook-grupper der folk varslar om at der er politikontrollar, og nokre bilistar blinkar med lysa sine for å seie i frå til andre at der er kontroll.

– Varlingsgruppene på Facebook og blinking med lys er ein uting. Tenk om akkurat den personen du varslar er den personen som burde bli stoppa for at vegen skal bli tryggare for deg å ferdast på? Vi gjer denne jobben for å gjere vegen tryggare, seier han.

Godt humør

Kontrollen i Olden varte i rundt tre og ein halv time, og på denne tida blei det delt ut 21 forenkla førelegg, noko som er meir enn vanleg. Det blei ikkje føreteke nokon beslag av førarkort, då den høgste målte farta var 84 km/t.

Ein ting som kanskje overraska litt var humøret på dei som blei stoppa. Ein kunne forventa seg at dei som blir stoppa og får eit stort førelegg er sure, men dette var ikkje tilfellet.

Forenkla førelegg: Dei 21 forenkla førelegga som blei ilagt sjåførane som køyrde for fort sørga for mykje skriving for betjentane.

– Dette er så flaut, sa ein person med eit lite smil og ein nervøs latter. I likheit med nesten alle andre tok denne personen førelegget med stor fatning, og full forståing for kvifor det blei delt ut.

– Vi treff utruleg mykje hyggelege folk på vegen. Når dei blir stoppa blir dei kanskje litt letta over at dei ikkje køyrde endå litt raskare. Dei fleste som blir stoppa treng ei påminning om at ein har fartsgrenser av ein grunn, forklarar politibetjent Øyvind Magnus Solheim, som gjennom kontrollen var oppteken med å skrive førelegg til dei som køyrde for raskt.

Sjølv om dei fleste tek førelegga med god fatning, så er der nokre turistar som blir sjokkerte over nivået, sjølv om dei berre var «litt» over fartsgrensa.

– Men sånn er det, over er over. Vi må vere harde på dette, det er grunnen til at Norge gjer det så bra på trafikktryggleik som vi gjer, seier Sælen.