Nicolas Sechet kjem frå byen Tours sørvest for Paris, og starta på sykkelturen sin 18. juni. På dagen ein månad seinare stoppa han for rast og prat med lokalbefolkninga i Utvik.

Ikkje akkurat kortaste veg

– Eg skal starte studiane mine i september, og tenkte det var ein god ide å ta sykkel i staden for tog. Og sidan eg aldri har sett fjella og fjordane i Norge før, bestemte eg meg for å sykle til Norge, opp langs Vestlandet og nordover til Nordkapp før eg kryssar over til Russland, fortel den spreke 25-åringen.

Han studerer leiing og økonomi, og skal ta siste studieåret sitt i St. Petersburg. Før han set seg ned med bøkene, skaffar han seg påfyll i form av gode naturopplevingar og prat med folk han møter langs vegen.Som i Utvik onsdag ettermiddag, der han stoppa for ein rast etter å ha kome over Utvikfjellet.

– Eg prøver å lære litt både om folket, landet og distrikta eg syklar gjennom ved å snakke med folk der eg stoppar. Utvik var ein fin plass å stoppe, ikkje minst fordi det var fint å kome ned til fjorden etter ein hard klatreetappe over fjellet, fortel Sechet til Fjordingen.

Han synst sør-austlandet av Norge var greitt, men etappen nordover frå Bergen får han ikkje fullrost. Vel vitande om at han har meir flott i vente.

Geiranger og Trollstigen

Torsdag morgon var han innom Fjordingen sin redaksjon etter å ha overnatta i telt på Tyvaneset. Turen vidare skulle gå via Hornindal til Hellesylt, ferja til Geiranger og vidare til Valldal.

– Dersom formen held og tida tillet det, kan det hende eg syklar opp mot Trollstigen før eg stoppar for dagen, elles vert det telting i Valldal og Trollstigen neste dag, fortel han.

Han har telt og tre fulllasta bagar med seg på sykkelen, totalt 30 kilo bagasje.

– Korleis går det med beina og ryggen med så lange etappar kvar dag, og med klatring over fjella her i nordvest?

– Det går fint. Eg har solid treningsgrunnlag frå før og har vore på lange sykkelturar også tidlegare. Så eg har det heilt topp, smiler Sechet.

Han har som mål å nå fram til Trondheim søndag. Deretter går turen vidare heilt til Nordkapp, medan målet er å kome fram til St. Petersburg i månadsskiftet august/september.

Likar seg ved fjorden: Nicolas Sechet likte seg godt ved fjorden i Utvik. Etter ein pause og prat med lokalbefolkninga, sykla han vidare mot Stryn for overnatting i telt. Foto: Ola Dvergsdal Foto: Ola Dvergsdal