Søskentrioen Eline (23), Anders og Einar Fannemel (begge 17) hjelper kvarandre til suksess. Eline og Einar satsar på skiskyting, medan Anders allereie er ein del av juniorlandslaget i skihopp.

– Vi har alltid likt å trene og å vere i aktivitet. Vi var ikkje superspreke då vi var yngre, men er vakse opp med fjellturar om sommaren og skigåing om vinteren. Vi har nok fått litt av grunnlaget derfrå, seier Einar.

– Og det må seiast at foreldra våre har vore utruleg snille og køyrt oss overalt, på trening og konkurransar. Alle, også eldstebror Rasmus, byrja i si tid med skiskyting, før Anders prøvde skihopp for første gong då han var 12 år.

– Eg er ikkje så glad i å slite meg ut med intervalltrening, slik dei andre må. Eg likar å trene litt annleis, så skihopp passar meg perfekt, smiler Anders. Han seier han har lyst til å prøve å få hoppe i litt større renn.

– Gjerne COC-renna. Det er veldig vanskeleg, men ein må ha høge mål, seier Anders.