Totalt svarar utsleppa av CO2 frå cruiseskipa til omtrent 3 prosent av Noregs årlege utslepp frå innanlandstransport, skriv Adresseavisen.

Aldri før har det vore rekna på kor mykje CO2 den internasjonale cruisenæringa i Noreg slepper ut, fordi internasjonal skips- og luftfart ikkje er omfatta av reglane for korleis statar rapporterer utsleppa sine.

Forskingsinstituttet Vestlandsforskning har derfor fått i oppgåve å gjere berekningane, skriv avisa. Tala er ennå ikkje publisert vitskapeleg, men metoden er både publisert og kvalitetssikra.

Utsleppet på omkring 170 millionar liter brennstoff, meir enn dobbelt så mykje som Hurtigruten, skjer hovudsakleg til havs, med omkring 80 prosent, medan 20 prosent av utsleppa skjer medan cruiseskipa ligg til kai.

– Vi lagar ein modell som gjer at ein kan vite kva for verkemiddel som er rett å bruke dei ulike stadene for å få ei berekraftig næring. Nokre stader er landstraum svaret, men det krev betydelege investeringar frå styresmaktene. Andre stader må ein redusere talet på båtar – eller senke farta. Dette er billigare verkemiddel, seier seniorforskar Carlo Aall ved Vestlandsforskning til Adresseavisen.