I dagens finale slo Stryn gutar 16 irske Seatown FC, og sikra med det gullet i B-sluttspelet av årets Gothia Cup.

Etter å ha fullført gruppespelet på tredjeplass i sin gruppe i kamp mot Emmaboda IS, CD Inter Vista Alegre og Staffanstorp United, kvalifiserte Stryn seg for 32-delsfinalen i B-sluttspelet. Eit sluttspel som skulle bli fyllt med jamne kampar for gutane frå Stryn.

På torsdag møtte dei svensk motstand i både 32-dels- og 16-delsfinalen, då dei slo ut Stenkullen GoIK med 1-0 og Frövi IK 3-1. Og etter denne kampen bestemte Stryn seg for å stenge buret bakover.

I 8-delsfinalen blei det 1-0 siger over FK Gjøvik Lyn, før 0-0 mot amerikanske SGF Surf Soccer Club sendte laga ut i straffesparkkonkurranse. Her viste Stryn mental styrke, då dei vann 3-1. I semifinalen seinare på kvelden var det nok ein gong svensk motstand på den andre banehalvdelen, i form av Kållerud SK. Også dette blei ein jamn affære, og ein tidleg scoring frå Stryn sin side var nok til å sikre dei ein plass i finalen.

Og her var det altså irsk motstand som venta. Seatown FC og Stryn haldt kvarandre i tøylane i første omgang, men litt ut i den andre fekk Stryn hull på byllen. Og med stengt bur bakover var det alt som skulle til for å sikre seg tittelen i ein av verdas største fotballturneringar!