«Norsk idrettsutøvar med funksjonsnedsettelse» står det på Wikipedia. Birgit er verdsstjerne både i roing og langrenns-pigging, og kan mellom anna vise til gull i roing frå Sarasota i 2017. Treningsprogrammet er like strengt for ho som for dei som skal trene både armar og bein.

Birgit vart lam i beina i 2008. Ho skada eit bein under bading i Thailand der ho arbeidde på ein barneheim. Seinare, under ein operasjon, gjekk det gale. Ho blei lam.

– Eg bestemte meg raskt for å starte trening. Det som har skjedd kunne eg ikkje gjere noko med. Eg var ikkje skapt for å vere i ro. Det var tøft å lære alt på nytt, men eg var litt heldig. Når ein er i tjueåra kan ein bygge opp kroppen på nytt, seier Birgit.

Vi møter henne ein tidleg morgon på Ullsheim, for å sjå på rulleskianlegget. Første møtet var dagen før då vi la bilen ut i grøftekanten for ei smilande jente som kom susande ned frå Lokyrkja i rullestol og med skistavar i hendene.

Som nyvald styremedlem i Norges Skiforbund kunne ho ikkje takke nei til ei synfaring saman med faren Bjarte.

Mykje på Vestlandet

– Eg har utruleg mykje å takke foreldra for. Dei tok oss ut på fjellturar, idrett, orientering og vi var mykje til Vestlandet, fortel Birgit. Faren hugsar best kor kjekt det var å hoppe i høyet, men Birgit var med bestefaren og vatna blomar på Hotel Alexandra. Og så var dei på Skåla.

Fantastisk: Eit fantastisk anlegg, var kommentaren til Birgit Skarstein etter ei synfaring i rulleskiløypa på Ullsheim. Foto: Inge Fænn

– Eg kulle gjerne prøvd Via Ferrata, men då måtte eg nok hatt hjelp, kjem det drøymande. Ho har eit råd til andre som kjem i ein liknande situasjon.

– Lev ut draumane. Gjer noko med det. Tren målretta.

– Det som slo meg då ho var på Sunnås var at det var eit fantastisk miljø. Det var vilje til å gjere noko med situasjonen, og dei støtta kvarandre, skyt faren inn.

Må vere strukturert

Døgnet har berre 24 timar. Spørsmålet er om det gjeld også for Birgit. Ho trenar like mykje som andre toppidrettsutøvarar, men lista over engasjement og styreverv er lang. Ho er fast medlem av bystyret i Oslo, og sit i finansutvalet. Ho har vore leiar for ungdomsorganisasjonen Unge funksjonshemma, fagkonsulent for Norges Idrettsforbund og olympiske og paraolympiske komité. Ho har ei lang rekkje prisar både som utøvar og miljøskapar og mykje meir.

– Det er viktig å vere strukturert, kjem det med eit lite smil. Ho tek også med fordelane ho har med seg ved at ho var aktiv symjar, og at i hennar situasjon er det bra å variere med pigging på vinterstid og roing om sommaren. Basistrening er også heilt grunnleggjande.

Fint minne: Birgit Skarstein måtte ha bilde av Grendasætra der bestemora hadde vore budeie ein gong. Foto: Inge Fænn

– Kva blir rolla i Skiforbundet?

– Vanleg styremedlem, men eg kjem frå distriktet. Eg vil tale distrikta si sak, seier ho og legg til at det er i distrikta grunnlaget blir lagt.

Ei ferieveke

Birgit unner seg ei ferieveke i år. Det vil seie ei veke med litt mindre trening. Denne veka har ho vist Nordfjord til den amerikanske vertsfamilien sin frå hennar andre år på vidaregåande.

Det er tydeleg at det bur ein eventyrar i Birgit Skarstein, og at alt som er sagt om ein uroleg kropp er sant.

Bestefaren hennar kom frå Olden. På slutten av turen til Ullsheim spør vi kvar bestemora kom frå.

– Rauset i Gloppen.

– Det var eit terne her i grenda som heitte Bergit Rauset.

– Det var bestemor. Og så må ho ta bilde mot sætra der bestemora var budeie.