Nordfjordbrua AS har vedteke at dei vil hente inn fem millionar kroner i ein emisjon i selskapet. Målet er å ha kapital til å gjennomføre eit samla forprosjekt for bygging av bru Anda–Lote over Nordfjorden, ifølgje ei pressemelding.

– Når Stortinget samtidig har vedteke nye og betre rammevilkår for ferjeavløysings-prosjekt, ligg alt til rette for å setje inn eit nytt gir i arbeidet med å få bygd bru Anda–Lote, uttaler styreleiar Alfred Bjørlo i Nordfjordbrua AS.

Dei ønskjer å gjere alt forarbeidet som trengst som grunnlag for eit vedtak om å bygge og finansiere brua som eit ferjeavløysingsprosjekt. No står møter med Kystverket og politisk leiing i Samferdsledepartementet for tur i august, der ein er særleg spent på ei politisk avklaring i departementet.

Saka stod først på trykk i Sunnmørsposten.