Blant 18 søkjarar vert Aina Drage frå Høyanger er tilsett som mobbeombod i Sogn og Fjordane frå 6. august.

Mobbeombod, som er ei nyoppretta stilling, skal bidra til at barn, elevar og foreldra får teke i vare sine rettigheiter til eit godt barnehage- og skulemiljø.

– Til å byrje med vil eg gjere meg kjend og tilgjengeleg blant born og foreldre som opplever utfordringar med skulemiljøet. Eg trur det er viktig å ha nokon å snakke med som kan hjelpe til å sortere kva ein kan gjere. Eg har alltid vore oppteken av gode relasjonar og gode læringsmiljø for born og unge, seier Drage i ei pressemelding frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

Drage har arbeida som lærar på ulike trinn i Høyanger i 19 år og har vore rådgjevar ved Fylkesmannen og jobba med skulemiljøsaker.

Det var i fjor at Regjeringa vedtok å opprette fylkesvise mobbeombod frå hausten 2018. Mobbeombodet går inn i fylkesrådmannen sin stab og skal samarbeide tett med elev- og lærlingombodet i Sogn og Fjordane.