Aleks Grey, alias Aleksander Raftevold har nokre spennande månader i vente. Nyleg slapp han sin første singel på tre år, Let Go, og i august kjem den andre singelen på kort tid.

Let Go var også den første singelen han slapp ilag med eit plateselskap, og den har blitt godt motteke.

– Mottakinga har vore overraskande bra eigentleg. Vi har fått veldig mange fine tilbakemeldingar og speletid på radio både her og i England, så det har vore veldig gøy, seier Raftevold.

På turne

Ved sidan av produksjon av ny musikk, spelar han også konsertar rundt om i landet. Mellom anna har han i år spelt på Hoven og på Nordfjordeid her lokalt. Neste år er han klar for å ta steget ut av landet. Då skal han reise til Tyskland med bandet, og dei skal vere headline-band på alle åtte konsertane dei skal ta del i.

– Eg har aldri vore på ein ordentleg turne før, så eg veit ikkje kva eg kan forvente meg av turen til Tyskland. Eg reiser med bandet, og vi er ein veldig fin kompisgjeng, så det blir nok veldig kjekt. Så får vi håpe der dukkar opp folk på konsertane også, seier han.

Raftevold, som har røter i både Hornindal og Eid, føler sjølv at han no har funne kva han vil halde på med, og ønskjer å pushe på framover for å nå måla sine.

– Eg har gjort mykje rart, men no føler eg at eg begynner å finne ut av kva eg vil gjere innafor musiken. Det er å utvikle mitt prosjekt, Aleks Grey, med pop og rock. Eg føler at eg har funne mitt uttrykk no, seier han.

– Gå inn for det

Med ein spennande framtid i møte, har Raftevold nokre tips til dei unge, håpefulle, som drøymer om å oppnå noko spesielt

– Mitt beste tips er eigentleg at du må berre gjere det. Du må gå inn for at det du ønskjer å gjere er det du satsar på. Dersom du finn ut av kva draumen din er, så må du berre finne ut av kva du må gjere for å utvikle deg og bli betre, og gjere nettopp dette, seier han. Sjølv har han ein draum han siktar seg inn mot.

– Min store draum er å kunne leve av musikken, og det er nettopp det eg går inn for. Det å spele konsertar, skrive musikk og kunne få betalt for det, det må jo vere draumen!