Om lag 50 personar hadde møtt fram til 22. juli-markeringa ved minnesteinen i Betaniaparken. Hanne-Kristine Fridtun sine foreldre, Kolbein og Eva, var i Oslo der det nasjonale minnemerket vart avduka søndag.

Stryneordførar Sven Flo sendte sine helsingar frå foreldrene til dei frammøtte i Betaniaparken. Sjølv var han blant dei som heldt tale under markeringa i Stryn.

- Angrepet var ikkje berre eit angrep på ungdomane på Utøya, eller på regjeringa i regjeringskvartalet. Det var eit angrep mot våre felles verdier der målet var å ramme trua på likeverd, samhald og felleskap. Difor gjer det veldig godt å sjå korleis nasjonen har takla dette, sa Flo.

Han viste til tidlegare statsminister Jens Stoltenberg sine fråsegn om at Norge har blitt eit meir ope samfunn med eit sterkare fokus på desse verdiane.

Kari Fridtun (i midten) sette stor pris på markeringa. Ordførar Sven Flo, Stryn AUF-leiar Paulina Sitarz, fylkesordførar Jenny Følling og adm. sjef hjå Fylkesmannen, Jorunn Felde heldt tale for dei frammøtte søndag Foto: Roger Oldeide

- Eg eg spesielt stolt over lokalsamfunnet Stryn som set desse verdiane høgare enn nokon gong tidlegare, sa Flo.

Han poengterte at alle har eit ansvar for at Norge skal halde fram som eit fritt demokrati.

- Alle har eit ansvar for å jobbe for eit samfunn der terror ikkje skal få fotfeste. Vi har sett at det er mogleg å møte møte hat med kjærleik og openheit, sa Flo.

Ketil Rasmussen spelte for dei frammøtte før fylkesordførar Jenny Følling heldt tale.

- Har vi lært noko av 22. juli? Har vi greidd å bekjempe ekstremisme? Eg er litt i tvil. Det er skremmande når attlevande frå Utøya opplever hets og får sin friheit trua. Det kan ikkje aksepterast, for dei skal vite at dei har oss i ryggen, sa Følling som la vekt på at det må vere rom for ulikskap i eit samfunn.

- Eit menneske søkjer fellesskap, likevel opplever mange utanforskap. Det å byggje fellesskap er det viktigaste vi kan jobbe for, sa Følling.

Fylkesordføraren overrekte og blomar til Kari Fridtun, bestemor til Hanne-Kristine som ikkje vart meir enn 19 år gamal.

Kari Fridtun fekk overrekt blomar av fylkesordførar Jenny Følling Foto: Roger Oldeide

Også leiar av Stryn AUF (Arbeiderpartiet ungdomsorganisasjon) Paulina Sitarz talte søndag.

- Eg fekk aldri møtt Hanne-Kristine, men i ettertid har eg sett veldig opp til ho for alt ho fekk til både i Stryn og i fylket som AUF`ar. Eg veit om eit sitat ho likte og levde etter, og det var at "vi må ta vare på kvarandre" og det må vi verkeleg gjere, sa Paulina som og siterte ein annan AUF`ar i talen sin;

Foto: Roger Oldeide