Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne har skrive brev til samferdselsdepartementet om sviktande postordning. Rådet meiner ei tenleg postordning er ein grunnleggjande del av infrastrukturen i eit velfungerande samfunn.

– Vi meiner at vi som bur i distrikta må mobilisere mot den starta raseringa av posttenestene i Norge. Postombering er allereie redusert til fem dagar i veka, og etter omleggingane sist nyttår har postgangen vorte langt tregare enn før, skriv kommunalsjef i Stryn kommune Heidi Vederhus som og er sekretær for rådet.

– Lang leveringstid

Ho viser til at det er mange døme på at posten innan Stryn kommune brukar mellom tre og fem.

– Dette er heilt uhaldbart, det syner ei fullstendig likesæle i det samfunnsansvaret som Posten har, skriv rådet.

Dei ser mørkt på at Samferdsledepartementet og Posten har planar om å levere post berre annankvar dag frå 2020, to dagar for veka frå 2022 og ein dag i veka frå 2025.

– Då er det logisk at leveringstida aukar endå meir, kanskje til opp mot to veker. Posten tvingar på denne måten brukarane til å finne andre løysingar og undergrev si eiga verksemd endå meir, heiter det i brevet.

– Må skilje mellom distrikta og tettbygde strøk

Dei argumenterer for at ein må skilje mellom distrikta og meir sentrale strok.

– I dei tettbygde områda vil andre aktørar enn Posten vere interesserte i å yte posttenester. Dette er ikkje likeeins i distrikta. I dei spreiddbygde områda er det både omsyn til distribusjon av medisin, blodprøver m.v., papiraviser og viktige sendingar til næringslivet som krev postgang minst fem dagar i veka. Mange har lang veg til post i butikk, og særleg er mange av dei eldre avhengige av å få posten heilt heim, skriv rådet.

Dei legg vekt på at innsparingane råkar dei distrikta som enno ikkje har, eller har dårleg internett-tilgang.

Vil ha ombering fem dagar i veka

– Ein bør ikkje akseptere at viktige velferdsgodar vert gjorde om til inntektskjelder for statskassa og deretter lagt ned når inntektene vert redusert. Dei distrikta som er avhengige av fungerande postgang, må sikrast postombering fem gongar i veka, skriv rådet.