Frå og med inntektsåret 2018 gjeld eigne skattereglar for såkalla korttidsutleige, blant anna Airbnb, av eigen bustad. Leiger du ut ditt eige hus mindre enn 30 dagar, er inntekta skattepliktig etter ein sjablongmetode. Det betyr at leigeinntekter inntil 10 000 kroner årleg er skattefrie, og at 85 prosent av det overskytande beløpet blir rekna som skattepliktig inntekt.

Seksjonssjef i Skatt vest, Erlend Thowsen Foto: Statteetaten

Om utleige blir skattlagt etter sjablongregelen, vil du i dei fleste tilfelle måtte betale 23 prosent skatt på 85 prosent av inntektene. Du vil ikkje ha krav på frådrag for kostnader knytt til utleiga, sjølv om leigeinntektene er større enn den skattefrie grensa på 10 000 kroner.

På skatteetaten.no har vi samla detaljert informasjon om skattlegging av korttidsutleige for ulike typar bustad-/og fritidseigedommar. Er du usikker på om utleieforholdet blir rekna som næringsverksemd eller ikkje, vil vår rettleiar "Er eg næringsdrivande?", vere til hjelp.

Er du i tvil om korleis inntekta di skal skattleggast, eller har du generelle spørsmål om utleige kan du ta kontakt med oss. Vi er tilgjengelege på chat, telefon og Facebook. Ønsker du å besøke ditt lokale skattekontor for å få rettleiing, må du hugse at Skatteetaten har innført timebestillling.