Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtala problema som følgjer den stadig aukande «vill-campinga» i Lodalen. Turistar som tek seg til rette utanfor regulerte campingplassar, og som set tydelege spor etter seg. Søppel og ekskrement er i følgje fleire grunneigarar og innbyggjarar blitt eit stort problem i den fagre dalen.

No er ein i villreie om korleis problemet kan løysast. Diskusjonen går blant anna på innføring av turistskattar og betre tilrettelegging med sanitæranlegg. Men ikkje alle er einige i at det er vegen å gå. I alle fall ikkje dei som skal livnære seg av nettopp campingturistane.

– Vi er vel einige om at vi ikkje bør setje opp toalett. Då måtte det bli ved Skåla-parkeringa eventuelt, seier Turid Sande Beinnes, drivar av Sande Camping. Ho meiner tilrettelegging med offentlege sanitæranlegg berre vil invitere til meir av den campingaktiviteten dei ønskjer mindre av.

I villreie: Turid Sande Beinnes t.v. og medarbeidar Katrina Freia Rismane ved Sande Camping er usikre på kva ein bør gjere.Offentlege toalett trur dei berre legg til rette for meir vill-camping.

Spør campingeigar om telt-tips

Opp mot 35 bilar har dei talt langs vegen ved Breng på kveldstid. Og Beinnes fortel at mange av dei som finn seg til rette for gratis camping i Lodalen, nærast forventar at dei skal få tilgang på sanitæranlegg og søppeldunkar på campingplassen på Sande. Noko ho finn både urimeleg og frekt.

– Vi må rett og slett passe litt på. Det er mange som snik seg inn her, fortel ho. Beinnes opplever til og med at turistar kjem til henne for å rådføre seg om kvar dei kan campe gratis.

– Då må eg anstrenge meg for å halde meg sakleg, men det er vanskeleg, ler ho oppgitt.

Dei skulle etter planen ha montert adgangskontroll til sanitæranlegget før denne sesongen. Anten bruk av kort eller kode. Så langt kom dei ikkje, men no vil dette ha høg prioritet å få på plass.

– Ja, det blir heilt sikkert gjort innan neste år, slår ho fast.

Beinnes ser at regulering av «vill-camping» er vanskeleg. Allemannsretten gir stort spelerom. Men ho meiner mange gløymer at med rettar følgjer også plikter.

– Det trur eg ikkje alle er klar over. Ein skal til dømes ikkje setje spor etter seg. Har ein vore på do skal det gravast ned og dekkast til, seier ho.

Breng: Fleire dagar har telta stått tett ved sela på Breng. Nede ved vegen har ein talt over 30 bilar. Men i regnvêret tysdag var det lenger mellom teltpluggane.

Ny generasjon camparar

Men kven er desse campingturistane som tek seg til rette, spør vi. Dette er kanskje helst uvitande utlendingar?

– Nei, det er like mykje nordmenn, seier Berit Lill Tjugen, ved Tjugen Camping.

– Det er ein ny generasjon camparar. Dei er unge, 20-30 år, fortel ektemannen Knut Tjugen, og legg ikkje skjul på at han opplever at mange av desse har ei anna haldning til rettar og plikter enn førre generasjon.

No bekymrar det dei at delar av heimbygda blir forureina av ekskrement og anna forsøpling, og at bygdefolket held seg unna sin eigen badeplass på Breng.

– Det er veldig trasig at dei øydelegg det flotte området der, seier ekteparet.

Badestranda: Berit Lill og Knut Tjugen tykkjer det er svært synd at bygda sin badeplass på Breng ikkje lenger er eit ynda mål, grunna ekskrement og tilgrising frå campingturistar.

Spesielt på grunn av vêret

Ved Sande Camping trur Beinnes at det sjeldan flotte sommarvêret har mykje å seie for auken i vill-camping, og håpar og trur dette ikkje nødvendigvis vil eskalere ytterlegare dei neste åra. At dei har ein svært god sesong, og stadig har måtta avvise folk grunna sprengd kapasitet, kan nok også forklare nokre av telta som kjem opp langs vatnet. Beinnes trur at mykje kan gjerast gjennom god informasjon.

– Og vi må fortelje at skal dalen vere like flott framover, så må vi også ta vare på den.