Spenning og sosialt på same tid

Trivsel med bingo

Når Radio Stryn er på lufta med radiobingo torsdagskveldane, sit nokre damer klare i Hornindal.

Sosialt: Frå venstre: Marit Solvik, Grethe Vindheim, Ragnhild Lødøen, Elin Haugen og Karoline Kongsvoll seier dei kjem saman for å spele bingo men at det sosiale er vel så viktig.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Damene kjem saman kvar torsdag, og veskene er ikkje pakka med strikketøy eller anna handarbeid. Det er bingoblokker og tusjpennar som kjem fram, klare til å gje vinst. Denne torsdagskvelden er det Grethe Vindheim, Karoline Kongsvoll, Ragnhild Lødøen, Elin Haugen og Marit Solvik som har møttest.