Rekordhaldaren kjem til Skåla Opp

Kan Arslan slå sin eigen rekord?

Rekordmannen: Ahmet Arslan frå Tyrkia sette den sterke rekorden i 2012. Her frå løpet året etter, der han lenge låg an til ny rekord, men gjekk på ein liten sprekk mot slutten og vart nummer to. 

Nyhende

840 konkurranseløparar og 190 trimmarar er så langt påmeldt til den 17. utgåva av motbakkeløpet Skåla Opp 18. august. Det skriv arrangøren i ei pressemelding.

Løyperekordhaldar Ahmet Arslan frå Tyrkia prøver seg igjen på motbakkane mot Skålatårnet, saman med fleire sterke norske namn som Stian Øvergaard Aarvik, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen og Øyvind Heiberg Sundby. Blant damene er fjorårsvinnar Karoline Holsen Kyte, Eli Anne Dvergsdal og tyske Michelle Maier favorittar. Evigunge Kirsten Marathon Melkevik og Kristen Skjeldal vil òg ta turen til Skåla.

Arslan sin rekord er på 1.07.06 (2012). I kvinneklassen er det Anita Håkenstad Evertsen som har rekorden på 1.20.06 (2008).

Helga vert innleia med kick-off fredag kveld, Kongleriket Mini Skåla Opp til sætra for barn frå 5 til 12 år laurdag, samt streaming og ekspertkommentarar i teltet ved start. Laurdag kveld er det grillparty og trubadurar på Hotel Alexandra.