Ønskjer utbetre råsa til Glomsdalen

Glomsdalen: Bildet er teke på Nos med utsikt mot Oppstryn.  Foto: (Arkiv) Anne Kjos-Wenjum

Nyhende

Grunneigar Lars Helge Kveen søkjer kommunen om løyve til å utbetre råsa til Glomsdalen i Oppstryn.

Kveen syner til skadar etter Dagmar og elles problem med attgroing som følgje av mindre beitedyr i dalen.

- Eg ønskjer å få leia overflatevatn rett over råsa og ikkje slik som det no er på enkelte plassar der råsa fungerer som eit elveløp. Det skal ikkje leggast rør, men naturlege forseinkingar slik at vatnet fer rett over råsa, skriv Kveen i brev til kommunen. Han vil utføre arbeidet med ei minimaskin på 3,5 tonn med gummibelter.

Krev plan

- For at Stryn kommune skal kunne handsame søknaden må den vere basert på ein plan for det samla tiltaket. Kommunen har tidlegare behandla søknader om tilsvarande tiltak for turstien til Bødalen, til Skåla og driftevegen til Erdalssetra, skriv kommunen i sitt svar.

Kommunen ber vidare om at det i ein slik plan kjem fram kva som er føremålet med tiltaket. Blant anna vil dei vite kva standard ein legg opp til. Som vegen var før skadane eller om ein ser føre seg utvida standard til køyreveg for motoriserte framkomstmiddel.

Dei peikar vidare på at turstien til Stol er ein turistattraksjon og at vegen er eit kulturminne.

- Indre deler av Glomsdalen er også registrert som eitt av svært få område i landsdelen med "kvalifisert villmark" (område utan større tekniske inngrep). Det er difor viktig å vere bevisst på kva type varige inngrep ein gjer i eit slikt område.

Endeleg vil kommunen også ha svar på om dette er ein felles plan for alle eigedomane som tiltaket direkte eller indirekte berører.