Skilttjuven vart pågripen etter tips

Mannen som stal bilskilta på Langesethøgda førre veke, er pågripen.

Tjuveri: Rolf Langeset viser den tomme skiltramma etter at tjuvar tok med seg registreringsnummeret på den eine demobilen ved Stryn Mek Verksted natt til førre onsdag. No er skilttjuven pågripen.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

– Publikum tipsa oss om at skilta var sett brukt på ein bil i Stryn kommune. Onsdag kunne vi pågripe mannen, fortel politibetjent Vidar Stavik. Etter beslutning om ransaking fann politiet skilta i mannen sin avskilta bil. I tillegg fann dei noko tjuvgods og narkotika i bilen og i leilegheita i Stryn kommune.