Olden/Loen:

Knuste turistrekorden

Imponert over naturen: Frå venstre: Richard, Sophie og Hayley Tyler frå Storbritannia blei bergtekne av fjella. – Sånne har vi ikkje heime, seier Sophie, som fortel at det er naturen som har imponert ho mest på besøk i Norge.  Foto: Odd Sindre Tonning

Nyhende

Onsdag blei den gamle turistrekorden i Olden knust. På dei tre cruiseskipa som var på vitjing i Olden og Loen var det til saman 8.834 turistar, og dersom ein reknar med crewet på skipa var det 11.584 personar på vitjing.